nedslaget.no


  

Folket på Dalseggvollen


Klikk på bildet for større versjon.

Opplysningene nedenfor om folket på Dalseggvollen er i sin helhet hentet fra «Heimar i Surnadal» utgitt av Surnadal kommune 1966. Sitat:

Gardsnr. 1, bruksnr. 7 av skyldmark 0,80.

Dalseggvollen høyrde Oppistua til og var eldste plassen i grenda.

lngebrigt Dalsegg var husmann her i 1738. Husmennene vart det året oppropa og tilspurde om dei var viljuge til å fara til Finnmark og slå seg ned som bureisingsmenn. Men alle som ein årsaka seg med alder, vanhelse og ulyst og ville ikkje «kvittere» sin gamle bustad. Det ville heller ikkje Ingebrigt Dalseggvollen.

Ingebrigt var gift med ei som heitte lldrid Toresdotter, og av borna deira veit vi om desse tri:
1. Ingebrigt, f. 1730, gift 1760 med Sara Hallvardsd. Glærum. Dei busette seg først på Gullasholten og byksla seinare til garden Polden på Eidet. Dei har mange etterkomarar, serleg etter sonen Tore, som vart husmann i Sæterøya.
2. Nils, f. 1732, gift 1762 med Brit Pålsd. Øyen på Rindalsskogen.
3. Ola, f. 1733, gift 1770 med Maret Håkensd. Myrholt frå Bøverdalen, f. 1748. Foreldra hennar var Håken Mikkelson, f. Almberg, og kona Maret Larsd. Myrholt.
4. Ingeborg.

Ildrid Toresdotter døde som enke i 1769 og var da 67 år gamal.

Ola lngebrigtson tok over plassen etter foreldra sine. Han og Maret Håkensdotter hadde ein son:
1. Ingebrigt, f. 1772, gift 1795 med Brit Einarsd. Tørset frå pl. Tørsethuset i Rindal.

Ola Ingebrigtson døde 1814 og Maret Håkensdotter i 1832.

lngebrigt Olson fekk byksel på plassen i 1802. Han og Brit Einarsdotter hadde to born:
1. Maret, f. 1796, g. m. Jo Jonson Dalsegg i Dalsegghuset.
2. Ola, f. 1800, gift 1831 med Rannei Arntsd. Børset.

Ingebrigt Olson døde 1832.

Ola lngebrigtson fekk byksel på plassen av I. M. Lossius i 1834. Han og Rannei Arntsdotter hadde ei dotter:
1. Brit, f. 1832, gift 1862 med Ola Olson Børset, Austistua, f. 1836.

Ola Ingebrigtson døde 1873.

Ola Olson Børset og kona Brit Olsdotter står som plassfolk her i 1865. Han og Brit Olsdotter hadde desse borna:
1. Gjertrud, f. 1862.
2. Ola, f. 1864.
3. Ola, f. 1866.
4. Ingebrigt, f. 1867.
5. Peder, f. 1875.

I 1867 kjøpte Ola Olson garden Austistua på Sande og flytta dit. Han dreiv med handel på Sande, men rauk opp og reiste til Amerika med kona og borna sine. Buskapen på plassen her i hans tid var 4 kyr og 18 sauer og utsæden 1 skj. bygg, 1 ½ t. havre og 2 t. poteter.

Jon Olson Aune fekk byksel på plassen i 1868. I 1875 står han oppført med ein buskap på 4 kyr, 2 ungnaut og 12 sauer, mea utsæden var ½ t. bygg, 1 t. havre og 3 t. poteter. Plassen var såleis mellom dei aller største i bygda.

Jon Olson var f. 1838 i Faggøya i Rindalen og var gift 1864 med Gjertrud Jonsd. Aunebakk. Dei hadde to born:
1. Ola. f. 1864.
2. Gunnhild, f. 1868.

Som enkemann vart Jon Olson oppattgift med Brit Wesselsd. Almberg, f. 1844 i Oppigard på Almberg. Med henne hadde han desse borna:
1. Ola, f. 1872, gift 1900 med Ingeborg Jonsd. Fiske, f. 1881.
2. Nils, f. 1873.
3. Mikkel, f. 1884, g. m. Gjertrud Jonsd. Fiske på Austre Aunholten.
4. Jon, f. 1892, gift 1917 med Maret Endresd. Dalsegg, Austistua, utv. til U.S.A.

Jon Olson døde 1904 og Brit Wesselsdotter i 1924.

Ola Jonson kjøpte plassen til sjøleige, og i 1926-30 vart husa nedrivne og fjøset og stua vart da oppattbygd kvar for seg. Ola Jonson og Gjertrud Jonsdotter hadde desse borna:
1. Beret, f. 13/8 1901, g. m. Sivert Sivertson Dombu på Norgard Dombu i Meldal. Born: Lina Marie, f. 24/6 1929, g. m. Rolf Strand, Steinar, f. 17/8 1931.
2. Maret, f. 15/11 1903, g. m. Olav Olsen frå Frosta. Dei kjøpte i 1954 garden Syrstadmoen i Meldalen.
3. Marie, f. 3/4 1906, g. m. Kristen Pederson Sponås. Dei har garden Brekken på Sponås i Torjulvågen. Born: Ruth Ingebjørg, f. 1932, g. m. Edvard Olson Åsbø frå Stangvik, Oddlaug, f. 1937, arb. i postverket.
4. Jo, f. 13/4 1908, gift 1934 med Ingebjørg Mikalsd. Sogge, Fugelsøy.
5. Anna, f. 7/4 1910, g. m. Ingebrigt Jonson Landsem, Utistua.
6. Magda, f. 8/2 1912, g. m. Ivar Sivertson Dombu, Nordgard, f. 4/5 1904.
7. Mathea, f. 27/11 1914, g. m. Arnt Søvassli på Hemnekjølen. Born: Dagrun og Olav.
8. Gunnar, f. 22/10 1915, g. m. Margit Jonsd. Rindal frå Grytlia på Fiskja, f. 14/10 1922.
9. Ida, f.
10. Olav, f. 16/1 1920, g. m. lærarinne Reidun Hansen og bur i Meldal. Born: Berte Ingeborg og Ole Johan.
11. 
Johan, f. 12/1 1922, kontrollassistent.
12. Valborg, f. 17/2 1924, g. m. Jon Erikson Kvam, Meldal, f. 8/9 1920. Dei er paktarfolk på Meldal prestegard.
13. Inga, f. 28/12 1925, g. m. Hallvard Mjøen i Oppdal. Born: Olav og Ingrid.


Klikk på bildet for større versjon.

Første rekke fra venstre: Marit, Beret, Ingeborg, Ola, Marie og Anna.
Midten fra venstre: Inga, Valborg, Magda, Mathea og Ida.
Bakerste rekke fra venstre: Johan, Olav, Gunnar og Jo.

Ingeborg Jonsdotter døde 1957 og Ola Jonson i 1959.

Gunnar Olson fekk skjøte på garden i 1947. Han og Margit Jonsdotter har tri born:
1. Kari, f. 20/5 1945, f.t. lærarskuleelev.
2. Inger, f. 1/2 1952.
3. Jorid, f. 20/2 1953.

Garden har i dag 30 mål dyrkajord, beitene medrekna. Innmarka er brattlendt og tungdriven.

Dalseggvollen er øvste heimen mot Rindalsgrensa på nordsida av dalen.
 
Les teksten "På Dalseggvolla"
 
 



   


















Meldal Håndballklubb





grytting.no