nedslaget.no


  

Me'dalen - bygda mi

Medaldal med segn og soge,
bygd tå gammel fråsegn full,
å, kor du var god og gjevmild
som oss gav slikt ervegull.

Småe segn som somme vandar
verna du i tru og trygd,
som en blomsterdåm dem blandar
seg med lufta i vår bygd.

Sørjahaugen skjulte skatten,
sølv og gull som ingen vann.
Da dem grov der midt på natten,
tøkt dem kjerka stod i brann.

Øks tå sten og flintedolkar
gjømt i jorda lenge låg,
dei vår eldste kultur tolkar,
første handverk her oss såg.

Verktyet fekk nye normer,
etter bronsen nådd te oss.
Økser støpt i luggum former
laga dem på garden Foss.

I det røte, kalde romet
kring den tida Krist vart født,
høres herfrå itt en nome,
synes mest som alt er dødt.

Opp tu Vahaug stig så omen
tå en søg frå brennolds tid,
og i soga suser ljomen
helt frå Haralds harde strid.

Håkon baud fram kristentrua,
byrge bønder murra mot.
Opp til Valhall gjekk vel brua
gjennom vigde hesteblot.

Lydt vart lese landets love',
lugumt lag vart heldt på Lund.
Og den gamle gud på Hove
blunda te ei lita stund.

Vakt vart sett ved vidsynt våttå
så en såg det rauk og brann,
og det steg så høg en håttå
når ei fiend' kom til land.

Erik jarl og Torleif Spake
mektug' karar båe var.
Erik hogg ved Svold sin hake
djupt i Ormens høge bard.

Hellig-Olav kom åt dala,
hesthov tro ti bergja hol.
Jutulkarar fell som fala
for Sankt Olavs kors og stål.

Sterke konge sett' vel hetla
i de store troll her nord,
og i Ols-kast bobla vetla
opp tu bergja der han for.

Rig på Rigstom, Jarpr Jerstom,
jutulkarar er det sagt;
Hildulf Hilstom, Kjarke Kjerstom
ha vel også mot og makt.

Ena frå sin håmmår kila
sten mot garden midt imot.
Storsten ligg der, ingen tvila,
Enars håmmår treng ei bot.

Jutul som i Åsa baska
kasta sten til Sugusto,
han mot gjeteryggen klaska;
"Enno sjer en spor tå blod."

Påskemorgon dansa sola
på det høge, ljøse fjell.
Men i vintermørke jula
tassa tussin inn på tjell.

Gammelgardin høgd opp stuggu
så ho såg ut traust og tett.
Litin tusskaill finn ei smuggu,
attom årin inn han smett.

Mora sett på vakt ved vogge,
redd for terre tussety.
Kvar en julkveld øks vart hogge
over dør til hest og ky'.

Og når mor ha vaska banet,
la ho glo i vatnet ned.
Tømmerhoggar'n sa tå vane:
"Var dokk no, e felle tre."

Sigurd Jorsalfar han vaska
syndau kropp i Jordans flod.
Ferdafolk i snøen traska,
fekk tå Øyvind stuggu god.

Sigurd fekk ei flis tå krossi
mot at kjerka tiend' tok.
Så my mått' ho ha om fossi
prest hell bisp skull bla opp bok.

Døler som ha Vårstig rakke
synnafrå åt bygden her,
slo seg ned og tok til takke
med de vilkår her de fær.

Frå si hembygd ha dem med seg
tru på tussa, troll og nøkk,
og på setrom såg dem for seg
hulderky' i hauen søkk.

"Tina" delt i fire lotta',
en åt prost og en åt bisp,
en åt mus og kjerkerotta;
fattigfolk fekk slekj på visp.

Borgarkrig og bispe-velda
ga oss mange tronge år,
røvarpakk i skog og fjella,
rov og ran i bygden vår.

Langt der bort i svarte skogen
ligg den dystre Røvarhau;
Sigri bles sitt "Tilli-togen",
berja liv i verste nau.

Kongen var i dårleg lone,
for med skattom gjekk det trått.
Med den spake Me'dalstone
stilla Roe ognau drott.

Oss som åkra her har arda
i et tusental tå år,
all ålbørsle har oss svara,
så at jorda her vart vår.

Kom om høst ho Grågås flygand'
synnom mot et solrikt sted,
kom det tidt en tanke smygand':
"Tru om oss skal gje oss med?"

Men det var da sola glødde
som tå gull i li og fjell,
her dem atter såkonn sådde;
bygda her var likast lell.

Sira Sjugurdar han nytta
Grjotar-gard i gammal dag,
men til byen inn han flytta
for å slå med "brødrom" lag.

Hall-år, svolt og farang-rie
mergstal både kropp og sjel.
Beske borkbrød bringa svie;
mang' det var som svalt ihel.

Bergjul sit på tak i garda,
reven kjem åt dørom fram,
drevkakkpikk i måefara.
Folket lye, blek i ham.

Fegdar-grål og firri-rinne,
nå-ljøs over huset brinn.
Tungt det tye dem der inne:
"Dø'in over livet vinn."

Og det stig en stille klage
med de siste gløs i glø':
Det som itt te liv er laga,
talmast lyt det bort og dø.

Død, med ferdafolket bore
langveis frå til bygd og by,
sopa snøtt på gardom våre
- men dem sa det rauk på Ry.

Bratte ur i Munkespranget
der fekk enkvan ordet sann':
Brått kan brytast livets gange.
Tiggarmunk hell svartbror va'n.

Morkne manneben i jorda
på den gamle garden Lo,
og de skrivne bispeorda,
prova: Her ei kjerke stod.

Bygdamerkje vel oss kjende,
kvar ei mark-rå, kvar en krok;
oss til erkebisp oss vende
for å få det ført i bok.

Hånnåkamban, Romundhaugen
namna har frå gammal tid,
der han Romund gjekk i dauden
for han Mass i grensestria.

Luthertru og Lutherlæra
kom i brev frå Kjøbenhamn.
Lydhør laut oss alle vera,
brevet bar vår konges namn.

Rette tru var om å gjera,
mer enn all din gjerning god.
Katekes laut alle lære,
menighet på golvet stod.

Spørsmålsbok der folk fekk lære:
"Sandhed til Gudfrygtighed".
Somme spørsmål der var svære,
tørnem' onga blada slet.

Tronnotjønn vil minnet bere
om et sjukt og såra sinn.
En som aldri kunne lære,
her han gjekk i dø'in inn.

Skrøft for fyll og flatseng-luggu,
straff for hårdrag mange fekk.
Bolt og jarn og mørkestuggu,
straff for hogg og dolkestikk.

Heksbål vart det også tenda
når ei kjerring var forgjort.
Og i bygden vår det henda
strykar vart på bålet brent.

Uta kjerkdør der stod gopen,
stakkar'n med et syndugt sinn.
Spøtta på'om gjorde hopen
når dem gjekk i kjerka inn.

Bygda blomstra opp med Bruse,
herom har oss syn for sagn.
Bygd på nytt vart kjerkehuset,
Gud til ære, oss til gagn.

Malmen ifrå Løkken gruve
skaffa mange pengar dit.
Gråberghauens store tuve
syner tungt og trøtugt slit.

Storebror tok Trønderlagen,
kom som fiend' og åt oss.
Sent vart glømt den tunge dagen
folket her åt markom hoss.

Hanin høgt på kjerkefløya
fekk ei kule i sin skrott.
Men en konge måtte døya
ei som enda krigen brått.

I de tunge ufredstider
kongen skuldbatt år for år,
så han såg seg nødt omsider
til å selle kjerka vår.

Langt der uti Seterdala
brann og engong alterljøs.
Ingen prest der lenger tala.
Nyplasskjerka vart til fjøs.

Elden øyda år om anna
alt som onnugt arbeid vann.
Det fekk Snoensbygg sårt å sanna
den gong hele grenda brann.

Og i ofsa har det henda
elva nye far seg braut.
Som en sjø stod lågelenda,
matbord bort tå stolom flaut.

I det harde ufreds-året
liv for landet mange gav.
Store-Tore, en av våre,
ligg i felles soldatgrav.

Elling leka på si fela
"Holsto-lekin" lett og glad.
Under Rognberg nøkken spela
om et liv han ville ta.

Prost Pareli kan oss takke
for ei hjelpsam råd i nød:
"Plant potet i solvendt bakke!"
orda hass frå stola lød.

Men en såmann ifrå Tune
fram igjennom dalen går.
Guddoms-lengt og alvorslune
han i Me'dalsjorda sår.

Storklenåret enno minnes
som det verste armodsår,
men i verste naua vinnes
fram til folkets frihetsår.

Major Krag og gamle Krogh'an
en med sabel, to med penn,
øvde eksis, tolka "lågan";
ført til slutt til kjerka hen.

Fattig-guten som åt Øyom
frå den øvste bygda fann
talsmann vart i verste bøyom
for vår bygd og for vårt land.

Her fekk han si siste luggu,
atta kjerka bauta står.
Født han var i fattig-stuggu,
stod som vakt i Norges vår.

Nye tider, nye tankar
møtest, brytest, stig og fell.
Bergmann hardt på boren bankar
djupt i dalens gamle fjell.

Hembrent-sak og Thranitt-rørsle
gjord' at det åt retta bar.
"Rarin" ropa utan vørdsle:
"Tvi for øvrighet oss har!"

Hardt det hurk i Vinjes velend
grove grønet bortpå Grut.
Men "ei sæle njoting var det,"
sa den svoltne husmannsgut.

Odelsmenn med Jaabæk-pipo
satt på vaglom, god og mett.
Kom så flygand' myrmanns-snipo
for å få den sommo rett.

Venstresinn og frie tanka'
Bjørnson opp te bygda bar.
Men den rønsla her han sanka:
"Folkeånden dårlig var."

Vullum slo fast venstreseier
med et nåvåslag i bord;
underlagets støtte-greier
svikta for de tunge ord.

Stør'n og frua kom te bygda,
vare tok på gammalt gull;
samla inn så dem fekk nøgda
te å få ei stugu full.

Hemigarden vart så flytta
opp tu døgnets vorr og vau,
og te kultursamling nytta
på den stille Ulstu-hau.

Her på bygdatunet trygda
glimt av gammalt kan du sjå.
Utsyn over Blankebygda
her på hauen kan du få.

Ætt vil koma, ætt vil svinne;
alle går vi same gang.
For de gamle reist er minne
her på hellig-vigde vang.

Gamle bygd i sus tå soge,
bløm i velferd, tru og dygd.
Våttåhaugars varde-loge,
brinn du bjart i bua bygd.


Tekst: Olav Krog
 
Bygdesangen for Meldal (Me'dalen - bygda mi) har alltid blitt kappet ned til bare noen få vers, men i 2004 sørget Meldal Songlag for å forevige hele 75 vers av sangen. Dette ble gjort i forbindelse med at NRK kåret sangen til Norges lengste bygdesang.

Det ryktes at Olav Krog skal ha skrevet omtrent 100 vers på Me'dalen - bygda mi (Me'dals-songen) Håper å kunne få samlet alle versene og lagt disse ut her samlet. Tar gjerne i mot tips via
Kontakt

Hør Me'dalen, bygda mi med Meldal Songlag

Les hva NRK skrev om kåringen av Norges lengste bygdesang 25. mars 2004
 
 



   


















Meldal Håndballklubb





grytting.no